You are here: Home Byrknes
Document Actions

Byrknesøy - ei vakker øy ved munningen av Sognefjorden

by admin last modified 2008-11-07 12:17

Kystkultur - det er nøkkelordet for Byrknesøy som ligg lengst vest mot havet i Gulen kommune. Her er kort veg ut til opne havet og det finst mange idylliske viker på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle tradisjonsrike fiskeværet. I området finst det sjøbuer og naust i eit miljø slik det har utvikla seg frå den gongen havet var halve føda. Torsken bit villig utanfor Byrknesøy. Velkomen til oss og prøv!

Det har budd folk på Byrknes sidan heidensk tid. Men dei første skriftlege kjeldene er frå 1500-talet, og omtaler gardbrukaren Oluf. Næringsvegen har i alle år vore ein kombinasjon av jordbruk og fiske. Gardane låg på vestsida av øya, der dei var nær havet. Kyr og sauer har vore vanlege husdyr. Dei dyrka korn til eige bruk, og til brensle brukte dei torv og lyng som dei skar i utmarka og ute på dei øyane i nærleiken.

Etter ein periode med stagnasjon og fråflytting på 60- og 70-talet grunna dårleg fiske og manglande arbeidsplassar, har Byrknes i dei siste ti - femten åra hatt rimeleg bra økonomisk oppsving. Mange unge har busett seg her. Fiskeoppdrettsnæringa har skapt nye arbeidsplassar både på sjø og land. Det bur no kring 500 menneske på sjølve Byrknesøy.

Nye-moloen

Ved Nyvegsvingen går det av ein veg mot sjøen. Tek du turen ned her, kjem du til pittoreske naust og sjøbuer frå ei tid då fisket var halve levevegen på Byrknes. Her er den nye moloen som er bygd for å gje gjestehamna betre vern.

Butikken

For nokre år sidan var det heile tre butikkar på Byrknes. I dag er det berre ein tilbake. Byrknes Landhandleri har daglegvare, post i butikk, tipping og bensinsal. I Landhandleriet er det også kaf‚/pub med alle rettar.

Historia om Gjest Baardsen

Rett sør for Landhandleriet går det ein grusveg ned til Barvågen. Soga fortel at Gjest Baardsen sat fengsla i eit hus som stod her. Ein dag rauk det opp til ein fælande storm og fleire kvinner og born var ute i øyane for å hente torv til brensle og lyng til sauene. Mannfolka var ute på fiske, og dei få som var att på Byrknes visste ikkje anna råd enn å be Gjest Baardsen om hjelp til å redde kvinnene og borna heim. Han vart slep ut frå fangenskapet og fekk med seg nokre halvvaksne gutar i båten, og saman utførte dei ei redningsbragd det gjekk gjetord om. Etterpå gjekk han friviljug attende i arresten, men nokre dagar etter denne hendinga rømde han frå Byrknes. Stormen denne dagen er vidgjeten, og gjorde stor skade på heile vestlandskysten.

Storhaugen ("Storhågjen")

Like ved Alderstunet ligg Storhaugen. Her er det god utsikt over skipsleia. Under spesielle vertilhøve kan ein sjå ljosken frå Trollfeltet som er den næraste oljeplattforma i Nordsjøen. Under andre verdskrigen nytta tyskarane Storhaugen som observasjonspunkt og dei hadde faste vakter som sto i telefonsamband med andre utkikspostar på kysten. Etter krigen hadde det norske sjøforsvaret observasjonspost her nokre år. Eigedomen er no i privat eige.

Nesevågen

I Nesevågen ligg den gamle dampskipskaien. Hit kom "Gamle dampen" frå Bergen kvar ettermiddag. Turen frå Bergen tok vanlegvis 5 timar, men på torsdagane gjekk dampen også inn om Fedje og då tok turen 8 timar. Her var det sjølvsagt eit landhandleri gjennom lange tider, men ei tid etter at rutebåttrafikken slutta måtte dei gje opp. Byrknesøy fekk ferjesamband over Fensfjorden til frå Gråvika til Mongstadområdet i 1980. Rundt 20 år seinare var bruene over Mjømna-sundet fullførde og Skipavik overtok som ferjeleie.

Litt vestom kaien ligg den gamle krabbefabrikken. Han er no ombygd for andre føremål og det står berre fundamentet att av den høge skorsteinen. På andre sida av vågen ser du laksepakkeriet i to nye fabrikkbygg.

Børholmen

Frå Grimevegen har ein utsyn til Børholmen, ein handelstad frå 1600-talet. Namnet har holmen fått frå gamal tid, då seglskutene la seg til her for å vente på gunstig vind, "bør", for å kunne segle vidare. Her var det ei svært god hamn tett på skipsleia. Skip som kom frå Nord-Noreg med fisk låg ofte her før dei gjekk vidare mot Bergen. På Børholmen vart ein del av fisken salta og lagt i tønner. Børholmen var også tingstad for Gulen ein periode i vikingtida.

Her vart det heilt frå omlag 1663 drive handel og gjestgiveri av folk som hadde borgarbrev i Bergen. Då dukka også omgrepet "Børholmsykja" opp, ei sykje som det seiest at fleire gulingar kom til å lide av. Og kva var det? Jau, det hadde seg slik at fiskarane som hadde vore ute om natta og halve dagen, vart så styggeleg tørste då dei nærma seg land. I staden for å reise heim til kjerringar og ungar, var det nok mange som tok seg ein tur til Børholmen for å sløkkje tørsten. Etter ei stund hende det at fleire av dei fekk "Børholmsykja". Ho arta seg slik at dei til sist måtte setje båt og bruk og nokre gonger hus og gard i pant når dei ikkje kunne betale for seg. Gjestgjevaren vart såleis ein svært rik mann og kom til å eige ein stor del av Byrknesøy etter kvart. Gjestgiveriet vart nedlagt då seglskutetida tok slutt og lenge budde det berre ein person att på Børholmen. Men no har ein ung familie flytta til og overteke det eine bruket på holmen.

Museet

Gulen Fiskarbondemuseum ligg i Barvågen. Det er tilrettelagt som eit autentisk fiskarbonde-gardsbruk frå 1800-talet. Museet har ei samling hus som var typiske på ein liten gard langs vårt område på kysten. I sjøbua er det laga til utstilling av gamle reiskap og bruksgjenstandar som vart nytta til fiske og jordbruk før i tida. Omvising etter avtale.

Kyrkjeklokka

Byrknes Kapell vart nybygd på 70-talet på same tomta som det gamle bedehuset stod. Kapellet vart reist på dugnad. I nokre år var kapellet utan kyrkjeklokke, men etter at lastebåten Austri forliste rett vest for Byrknes i 1979 gav reiarlaget ei kyrkjeklokke i gåve til bygda som ein takk for at bygdefolket reiste ut i uveret for å berge liv.

Skulen

Byrknes skule har kring 90 elevar på barne- og ungdomssteget. Skulen har elevar frå heile Ytre Gulen. Frå idrettsplassen ved skulen har du ei fantastisk utsikt vestover havet. Særleg mektig er synet etter ein storm, då naturkreftene tvingar sjøbårene himmelhøgt til vers over skjæra og holmane utanfor.

Dugnadsånd

Dugnadsånda har alltid vore sterk på Byrknes. Folk har allid sett på det som naudsynt å ta eit tak for at lokalmiljøet skal ha institusjonar, hus og andre felles goder. Både Bedehuset og Samfunnshuset er oppførte med hjelp av stor dugnadsinnsats. Det same gjeld idrettsplassen og barnehagen. Til og med det kommunale Alderstunet har fått stor hjelp av dugnadsinnsats, som vart sett i verk av kvinnene i Sanitetslaget. Alderstunet på Byrknes har blitt eit mønster for aldersbustader i Gulen kommune og andre stader.

Samfunnshuset

Samfunnshuset vart bygd på dugnad for meir enn 30 år sidan. Dette er det kulturelle senteret på Byrknes. Her samlast folket til fest og alvor. Ungdomslaget Havgula eig huset, og dei fleste byrknesingane er medlemmer. Havgula driv med amatørteater for barn og vaksne, ungdomsklubb, skipar til bygdefestar og sist, men ikkje minst: ein årleg fiskefestival.

Søre Grimesundet

Då Statoil Mongstad spanderte veg til øya Grimen som ligg rett nord for Byrknesøy vart det avgjort at det måtte byggjast bru over Søre Grimesundet. Sundet har alltid vore ein ferdselsveg for fiskarar både frå Byrknes og frå Mjømna. Men etter at brua vart bygd er det berre dei minste båtane som kan gå her no. Ein tur gjennom Søre Grimesundet er ei naturoppleving i seg sjølv.

Svartesundet (Kanalen)

Om ein ikkje kan ta snarvegen gjennom Søre Grimesundet, må ein leggje turen nord om øya Grima og gå gjennom Nordre Grimesundet. Frå Byrknesøy må turen først gå gjennom Svartesundet vest for Grima. Sundet var eigentleg for smalt og grunt frå skaparen si hand, men delar av sundet er sidan sprengt ut så til og med mindre lastebåtar no kan gå her. Smalt er det framleis, og det er ei interessant rute å gå med båt. Aust for Svartesundet ligg den gamle Jakta skule. Tidlegare var dette skule for born frå Grima og øyane ikring. Skulen vart nedlagt for nokre år sidan og elevane går no på Byrknes skule, og skulehuset er omgjort til samfunnshus for folket i området.

Turløyper

Byrknes idrettslag har merka opp eit par turløyper i utmarka. Den eine går rundt Måvatnet aust om Grimevegen. Dette er ein lett liten tur. Ein annan og litt tyngre tur er å gå opp på Veten (192 moh), høgaste toppen av Byrknesfjellet. Det er likevel ikkje tyngre enn at familiar med born ofte går denne turen. Ein må rekne seg minst eit par-tre timar på turen, men utsikta frå Byrknesfjellet er verd slitet. Her ser ein sør til fjella som omkransar Bergen nordover til Sunnfjord. I vest kan ein på klare dagar sjå plattforma på Trollfeltet..

Flora og fauna

Landskapet er eit typisk vestnorsk lynghei-landskap. (Vil du vite meir om dette, så besøk heimesidene til Lyngheisenteret som ligg på Lygra, 10 km sør for Byrknesøy). Hjorten er det største dyret i området. Ellers er det observert rev og mindre gnagarar. Av typiske dyr ved sjøen har vi havoter og mink.


Tjeld   


Måse    


Hegre


Fugleliv

Svanholmen har fått namnet sitt fordi svanene heldt til i dette området, særleg på vinteren. Byrknesøy var lenge den sørlegaste hekkeplassen for havørna, den største rovfuglen i Nord-Europa. Havørna hekker her framleis, men arten har no breidd seg lenger sørover langs kysten. Elles er her eit rikt utval av sjøfugl. (Vi har lagt ein link til fuglelivet på Herdla, ei øy som ligg ca 20 km sør for oss og som har eit stort, freda fuglereservat).

Fiskefestivalen

Siste laurdagen i juni kvart år arrangerer Havgula ein fiskefestival. Festivalen samlar eit par hundre deltakarar som kjempar om å få største fisken. Til vanleg er vinnarfisken på kring 10 kilo. Etter fisking og premieutdeling er det fest og dans til langt ut på morgonkvisten.

Leira Stadion

Idrettsgleda på Byrknesøy har alltid vore til stades i rik monn, og ei tid var dette beste bana i Gulen; - på fjære sjø!. Før bygda fekk ny idrettsplass i samband med skulen var Leira Stadion den einaste plassen vi kunne spele fotball på øya. Arbeidet med å byggje fotballbana vart gjort på dugnad og det vart sjølvsagt brukt sand frå fjæra til banedekke. Bana var nok best brukande ved fjære sjø, men sjølv då var det best om linjemannen hadde sjøstøvlar på seg. Heldigvis trong ikkje målmannen flytevest. Du ser denne fotballbana i fjæra frå den nye vegen mot Mjømnebrua.

Siltjønna badeplass

Ved vegen mot Mjømna ligg Siltjønna. Siltjønna vert nytta som badeplass, og vatnet her er vesentleg varmare enn i sjøen. God parkeringsplass i nærleiken.
Her er det parkeringsplass.

Sletthella badeplass

Ein annan, - og mykje brukt badeplass er Sletthella, eit par kilometer sørover vegen mot Gråvik. Du kan ikkje ta feil, badeplassen ligg tett attmed vegen. Og reiser du med båt, finst det mange gode sandstrender og badeplassar på øyane og holmane rundt Byrknes.

Gjestehamn

I Nedgardsvika er det gjestehamn innanfor moloen med flytebryggje som har 12 båtplassar. Bosscontainer.

Dykking

Byrknesområdet er eit eldorado for sportsdykkarar. Trykkluft kan skaffast.

Keramikk

Keramikarane Sylvi Teigen og Ole Moan bur på Byrknes og tek gjerne mot besøk i verkstaden sin. Dei lagar større og mindre bruksting, og form og dekor er gjerne inspirert av kystkulturen.

Navigation

Published by:

Svanholmbua AS
5970 Byrknesøy Norway

j-svanh@online.no

Tel +47 57 78 21 08
Fax +47 57 78 43 80

Org. NO 989 976 109

fjordline


jensbua


hsd


bergen guide

 

Personal tools
Powered by Plone CMS, the Open Source Content Management System

This site conforms to the following standards: