Gardvåg Brygge
Ligg lunt til i rolege omgjevnader i Gardvågen på Byrknesøy. 600 m til butikk, post og pub/kafé.
Gardvåg Brygge har 3 bueiningar og pakketilbod med båtar inkludert. Vi kan også tilby havfiske med yrkesfiskar.
Kvar rorbu har 3 soverom + hems. Stor kai/terasse utanfor kvar hytte. Kvar hytte har fryseboks og eige sløyerom/naust. Det er godt fiske frå havet og like inn til bryggja.
Gardvåg Brygge er midt i blinken for dei som likar båtliv og fiske. I skjærgarden utanfor Byrknesøy finn du idylliske viker på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle, tradisjonsrike fiskeværet. Og litt lenger vest ligg storhavet og skjuler stortorsken - som kanskje du kan fange ? Elles er det fint turterreng for dei som likar seg på landjorda. Her er vide lyngheier og frå fjellet Veten (ca 200 moh) er det eit storslagent utsyn over skjærgarden og havet. På klare dagar kan ein faktisk sjå heilt til Trollplattforma. Gode badeplassar med strand i skjærgarden kort veg frå Gardvåg Brygge.
Sjå fleire bilete av feriehuset
Sesongoversikt
| lavsesong | mellomsesong | høgsesong |
|---|---|---|
| 21 sep - 20 apr |
21 apr - 15 jun og 21 aug - 20 sep |
16 juni - 20 aug |
Prisar 2011
Alle prisar er inklusiv 8% mva.
Pakke 1
Hus + 16 fots båt, 9.9 (15) Hk påhengsmotor. God plass til 3 fiskarar.
| Pris i | lavsesong | mellomsesong | høgsesong |
|---|---|---|---|
| Kr per veke |
6500 |
7300 |
8500 |
Pakke 2
Hus + 1 dieselsnekke 22 fot, 20 Hk Motor. God plass til 5 fiskarar.
| Pris i | lavsesong | mellomsesong | høgsesong |
|---|---|---|---|
| Kr per veke |
8600 |
9800 |
10700 |
Pakke 3
Hus + 1 dieselsnekke 22 fot, 20 Hk Motor og 1 16 fots båt, 9.9 (15) Hk påhengsmotor. God plass til 7 fiskarar.
| Pris i | lavsesong | mellomsesong | høgsesong |
|---|---|---|---|
| Kr per veke |
10500 |
11500 |
12500 |
Booking
Båtar