Sie sind hier: Startseite Rorbuferie på Vestlandet - perfekt utgangspunkt for fisking, kajakkpadling, dykking, båt- og badeliv
Artikelaktionen

Rorbuferie på Vestlandet - perfekt utgangspunkt for fisking, kajakkpadling, dykking, båt- og badeliv

erstellt von admin zuletzt verändert: 07.10.2011 17:25

Svanholmbua tilbyr 6 feriehus/rorbuer i rolege omgjevnader på Byrknesøy i havgapet ved munningen av Sognefjorden, ca 80 km nord for Bergen.

I skjærgarden utanfor Byrknesøy finn du idylliske vikar på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle, tradisjonsrike fiskeværet. Og rett vest ligg storhavet med fantastiske forhold for fiske.

Det er ogsÃ¥ fint turterreng pÃ¥ øya  med vide lyngheiar og merka turløyper. FrÃ¥ fjelltoppen Veten (193 moh) fÃ¥r du eit storslÃ¥tt panoramautsyn over skjærgarden og havet. PÃ¥ klare dagar kan ein sjÃ¥ til Ulriken i sør, Lihesten i nord og Trollplattforma i vest.

Svanholmbua har seks feriehus/rorbuer:

  • Svanholmbua 2 er i ei tradisjonsrik sjøbu som er ombygd til feriebustad. Sjøbua osar av kystkultur, og gamle fiskereiskapar er brukt til dekorasjon. Sengeplass til 9 - 10 personar.
  • Svanholmbua 3 og 4 er pÃ¥ 75 m², har fire soverom og plass til 6 - 8 personar i kvar hytte.
  • GardvÃ¥g Brygge 1, 2 og 3 er kvar pÃ¥ 80 m² med plass til 6 -7 personar i kvar hytte.

 

Kajakkpadling

Kajakk 1

Med trange, smale sund, spennande tidevass-straumar og kanalar er farvatna rundt Byrknesøy som skapt for kajakkpadling.

"Vestlandet er velsigna med noko av den vakraste skjergarden som tenkjast kan, og det er ikkje råd å koma tettare på han enn i kajakk. Byrknes er eit framifrå utgangspunkt for spennande padleturar i typisk vestlandsk kystlandskap. Her møter du Ur-Vestlandet, med fiskar- og småbrukartradisjonar på kvart nes."

Bergens Tidende (20. des 2008)

Kajakkar kan leigast hos Svanholmbua. Ta kontakt for meir info.

 

Korleis finne Svanholmbua

Svanholmbua ligg ca 8 mil nord for Bergen, pÃ¥ Byrknesøy i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Det er dagleg samband med Bergen bÃ¥de med snøggbÃ¥t (ca ein times reise) og buss. Kjem du med bil, tek du E 39 frÃ¥ Bergen til Knarvik, deretter RV 57 frÃ¥ Knarvik til ferjestaden LeirvÃ¥g. Det gÃ¥r ferje ca. kvar time. Du tar sÃ¥ ferja over til SløvÃ¥g og det er 24 km frÃ¥ SløvÃ¥g til Byrknesøy. Du kan ogsÃ¥ reise direkte til Byrknes. Følg E39 frÃ¥ Bergen, ta av ved Kringla og køyr mot SløvÃ¥g.  

FjordLine har ferjer frå Hirtshals til Bergen mandagar, onsdagar og fredagar.

Byrknesøy har ca 500 fastbuande. Tradisjonelt er det fiskarbonden som har budd på Byrknes. Fiskarbonden måtte kombinere jordbruk og fiske for å ha til livsopphald. Gulen Fiskarbondemuseum ligg på Byrknesøy, og museet viser glimt frå kvardagslivet til fiskarbonden i gamle dagar. Lakseoppdrett er den største næringa i dag


Benutzerspezifische Werkzeuge
Powered by Plone

Diese Website erfüllt die folgenden Standards: