Rorbuferie på Vestlandet - perfekt utgangspunkt for fisking, kajakkpadling, dykking, båt- og badeliv
Svanholmbua tilbyr sju feriehus/rorbuer i rolege omgjevnader på Byrknesøy i havgapet ved munningen av Sognefjorden, ca 80 km nord for Bergen.
I skjærgarden utanfor Byrknesøy finn du idylliske vikar på eit utal øyar og holmar som omkransar det gamle, tradisjonsrike fiskeværet. Og rett vest ligg storhavet med fantastiske forhold for fiske.
Det er også fint turterreng på øya med vide lyngheiar og merka turløyper. Frå fjelltoppen Veten (193 moh) får du eit storslått panoramautsyn over skjærgarden og havet. På klare dagar kan ein sjå til Ulriken i sør, Lihesten i nord og Trollplattforma i vest.
Svanholmbua har sju feriehus/rorbuer:
- Fivelstova er på 150 m², har fire soverom og plass til 10 personar. Særs familievenleg med stor uteplass med hage og utandørs boblebad.
- Svanholmbua 2 er i ei tradisjonsrik sjøbu som er ombygd til feriebustad. Sjøbua osar av kystkultur, og gamle fiskereiskapar er brukt til dekorasjon. Sengeplass til 9 - 10 personar.
- Svanholmbua 3 og 4 er på 75 m², har fire soverom og plass til 6 - 8 personar i kvar hytte.
- Gardvåg Brygge 1, 2 og 3 er kvar på 80 m² med plass til 6 -7 personar i kvar hytte.
Kajakkpadling
Med trange, smale sund, spennande tidevass-straumar og kanalar er farvatna rundt Byrknesøy som skapt for kajakkpadling.
"Vestlandet er velsigna med noko av den vakraste skjergarden som tenkjast kan, og det er ikkje råd å koma tettare på han enn i kajakk. Byrknes er eit framifrå utgangspunkt for spennande padleturar i typisk vestlandsk kystlandskap. Her møter du Ur-Vestlandet, med fiskar- og småbrukartradisjonar på kvart nes."
Bergens Tidende (20. des 2008)
Kajakkar kan leigast hos Svanholmbua. Ta kontakt for meir info.
Havfiske med profesjonell fiskar
Profesjonell fiskar tar deg med til dei beste og største fiskeplassene i området.
I regnvær kan ein sitte komfortabelt i lugaren på fiskebåten. Den vennlege fiskaren Rune lærer deg bruk av langline, garn, not og teiner for hummar, krabbe og kreps. Fiskebåten er en speedsjark på 35 fot med 250 hk motor og plass til 8-10 personar.
Korleis finne Svanholmbua
Svanholmbua ligg ca 8 mil nord for Bergen, på Byrknesøy i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Det er dagleg samband med Bergen både med snøggbåt (ca ein times reise) og buss. Kjem du med bil, tek du E 39 frå Bergen til Knarvik, deretter RV 57 frå Knarvik til ferjestaden Leirvåg. Det går ferje ca. kvar time. Du tar så ferja over til Skipavik og det er 16 km frå Skipavik til Byrknesøy.
FjordLine har ferjer frå Hirtshals til Bergen.
Byrknesøy har ca 500 fastbuande. Tradisjonelt er det fiskarbonden som har budd på Byrknes. Fiskarbonden måtte kombinere jordbruk og fiske for å ha til livsopphald. Gulen Fiskarbondemuseum ligg på Byrknesøy, og museet viser glimt frå kvardagslivet til fiskarbonden i gamle dagar. Lakseoppdrett er den største næringa i dag